søndag 9. desember 2007

Desemberlys.


KALENDERBLAD

Sein, låg desembersol
raud gjennom frostskodde.
Bjørker spiler svarte greiner,
glir, lenger bort, saman
til lundar i den mjuke dis.

Tynn snøskorpe krasar,
perlemorsskiftande i grønt blått.
Lett å gå,
lett å puste,
lett å bere hjartet som i ei skål
open mot det raudgylne lys,
lett å bøye seg
lydig samtykkande
under årets vise lov.

Halldis Moren Vesaas

Sortland

Ingen kommentarer: